Eg har ytra eit ynskje om å få iallfall enkelt tekstformatering (feit/kursiv/understreka tekst og tekstlenkjer) rundt fem gonger tidlegare. Å kunne bruke HTML hadde og vore eit alternativ.
Sletting av innlegg er unødvendig, men mogelegheit for å redigere innlegg hadde eg satt pris på (noko eg òg har nemnt før).
Apropos moderering: Kva mogelegheitar har administratorane eigentleg når det gjeld moderering? Kan de på ein enkel måte gjere anna enn å slette trådar/innlegg?