Kjekt å høyre at andre er einig med meg.

Sidan tråden er kome opp att, spør eg ein gong til:Kva meiner administratorane av sida om bytte av forumtype? Sett frå eit brukarperspektiv er det store fordelar med forum av typen Invision Power Board (brukt av t.d. hw.no) eller phpBB (brukt av mange andre, t.d. Skifilm.no). Korleis det er frå eit administratorsynspunkt veit eg ikkje.

Til opplysing: PhpBB er gratis, og kan lastast ned på http://www.phpbb.com/. Invision Power Board er ikkje gratis, men er frå mitt ståstad betre, Ein kan finne det på http;//www.invisionboard.com/.

Som eg har sagt tidlegare, å implementere eit slikt forum i denne sida, med tanke på design (og reklame...) er kanskje ikkje lett, men eg vil gjerne høyre kva sjefane har å seie om det likevel.