Veit ikkje om eg er den einaste som meiner dette, men det kan virke som FF-poenga fører til mykje unødvendig tull.

Eg skal ikkje påstå at eg leser mange brukarartiklar, men nesten kvar gong eg ser på kva som er av slike, so er det som oftast eit par som er heilt unødvendig å leggje ut som artikkel. Døme på slike er, i mi meining:http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=51066http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=51067http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=51054

Eit foruminnlegg hadde passa betre på dei sakene.

Og når eg nemner foruminnlegg. Sjølv om eg har lagt merke til at moderatorane har sletta mange innlegg i Jibbing-kategorien, so er det ofte mykje tull, til dels spam, og bumping av innlegg (som t.d. brukaren torsijibber likte veldig godt før i år).

Til dømes dette innlegget:http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=32&threadnr=130871

Det eg meiner de bør gjere, er å gløyme poenga, og byte ut forumet med eit phpBB-forum, som t.d. Skifilm.no og hw.no nytter. Eventuelt skrive om noko av koden for det de har.

Grunnen til det, er at sjølv om den forumtypen de har no ikkje er direkte dårleg, so har den manglar. Den største er kanskje at ein ikkje kan ha linkar. Om nokon legg ein link i eit innlegg (som mine referansar til brukarartiklar og andre foruminnlegg), so må ein kopiere den, og lime den inn i adresselinja i IE. Lite praktisk.

Eg er medlem på ein del andre forum som nytter phpBB (t.d. forum.akam.no), og eg synes det er eit veldig praktisk forum-layout. Eg er klar over at det kanskje vil vere litt vanskeleg å integrere i designet på sida, og at det er eit stort argument for ikkje å konvertere. Eg ville berre seie mi meining.