Søkemotoren treng sårt ei forbetring, då tenkjer eg spesielt på organiseringa av søkeresultata. Søker ein i foruma eller blant artiklar ligg ikkje trådane organisert i nokon spesiell rekkjefølgje ser det ut som, noko som gjer det vanskelegare å finne det ein leiter etter.
Resultata burde vere organisert etter tidspunkt for publisering av artikkel/siste svar i tråden, med dei nyaste svara øvst. Kvifor det ikkje er slik no har eg ærleg talt vanskar med å forstå...
Og so legg eg igjen mi støtte til ei meir synleg vising av nye innlegg i gjesteboka (og nye FF-mail, for den saks skuld). Det beste hadde vore om ein får ein beskjed om det på framsida ved innlogging. Til dømes like under utloggingsknappen i menyen til venstre. Det kunne stått noko slikt som "x nye innlegg i gjesteboka" og (eventuelt) på neste linje "x nye FF-mail", med link direkte til den respektive staden.