Eg gjentek noko som har vorte nemnt tidlegare, og som burde vere ganske enkelt å fikse:

I lista over nye innlegg siste døger/veke, burde namnet på forumkategoriane vore lenkjer. Det vil gjere det enklare å kome seg frå den lista til ein bestemt kategori, då ein no fyrst må inn i forumoversikta, og so inn i den kategorien.

I tillegg skulle eg gjerne ynskje at visninga av det fyrste innlegget i kvar forumkategori var begrensa til eit viss antal teikn. Det er upraktisk når det er lange innlegg, då dei tek opp mykje plass. Og ettersom linjeskift ikkje er med i den førehandsvisninga kan dei verte mykje vanskelegare å lese òg.

Det Garfield nemner i fyrste innlegg om klarare vising når ein får FF-mail er heller ikkje dumt.

Aller sist stiller eg eit forsiktig spørsmål om korleis det går med å få RSS-feed på sida. Eg hadde satt pris på om de kunne kome med eit grovt estimat for når det vil kome. Sist gong eg spurde fekk eg ikkje noko svar...