-Link tilbake til den forumkategorien ein er i.
Om ein les eit innlegg, og vil tilbake til den aktuelle forumkategorien, må ein idag fyrst gå til hovudsida til forumet (kategorioversikten), og so innatt i kategorien. Dette er lite praktisk, so linkar øverst i forumtrådar til både kategorioversikt og til den den kategorien ein er i, hadde vore veldig fint.
-Fjern poenga.
Som fleire andre har sagt: Dei tjener ikkje nokon nytte (som eg veit om), men fører kanskje til ei auka mengd unødvendige og uønska innlegg.
-Mogelegheit for enkel formatering av tekst i foruminnlegg.
Har óg sagt dette tidlegare. Om ein kunne hatt feit, kursiv og understreka skrift, samt linkar som ein kunne trykke på, hadde det vore ein stor forbetring.
-Ikkje sletting, men redigering av tidlegare innlegg.
Ikkje noko poeng i slette tidlegare innlegg, men det å kunne redigere dei, for t.d. å rette i små, irriterande skrivefeil, eller å leggje til noko ein har gløymd hadde ikkje vore dumt.