Heilt einig. I tillegg er sorteringa av søkeresultata tilsynelatande heilt på trynet; eg klarer iallfall ikkje sjå noko system. Dei er ikkje sortert alfabetisk, ikkje etter kategori, ikkje etter dato for siste innlegg, ikkje etter dato for når tråden vart starta og ikkje etter talet på svar.
Det minste de kan gjere er å få sortert søkeresultata på eit eller anna vis, og tid for siste innlegg er (i mine auge) det mest naturlege kriteriet å ordne treffa etter.