Hei.

Eg lurte på om det går an å skru av e-postvarslinga for trådar ein sjølv har starta. Det er fint å ha mogelegheita for det, men personleg er eg ikkje interessert i å få desse e-postane, so eit val i profilen for å kunne skru det av hadde vore fint.

Om dette finst allereie, beklager eg, men eg fann ingenting etter litt leiting.