Vegas er eit program som opprinneleg vart laga av Sonic Foundry trur eg, men vart kjøpt opp av Sony rundt versjon 4 (er no på 6).

Forskjellen på Premiere 6.5 og Premiere Pro 1.5, er to utviklingstrinn. Etter Premiere 6.5 lagde dei heile programmet på nytt, og gav det namnet Premiere Pro 1.0 (vert i byrjinga kalla Premiere Pro 7.0). PPro 1.5 er den nyaste versjonen.

Utsjånaden er relativt lik, men dei har gjort store endringar på eigenskapane til programmet, og endra litt på måten ting vert gjort på. Det finst dei som framleis brukar Premiere 6.5, av ulike grunnar, men Premiere Pro er på mange måtar betre.