Me laster ikkje ned program, fordi det er ulovleg...
Kva eg har å seie:Bruker sjølv Premiere Pro og litt AE (After Effects), og med desse kan ein gjere svært mykje. Men AE er litt vanskeleg å setje seg inn i, og ein må bruke ein del tid med det.
PPro er i mine auge ikkje so veldig komplisert, og du finn mange tutorials, som gjer læringa lettare. (Det same gjeld eigentleg for AE)
Når det gjeld AE, so er ikkje det eit redigeringsprogram, men eit program for effektar, motion graphics, compositing. Ein vil truleg ikkje lage ein film berre i AE, men AE kan vere med å gje "den siste lille piffen", om du kan bruke det.
Kva eg har høyrd:I tillegg til PPro, er det nokre andre program som fortjener å verte nemnt. (Eit par av dei er nemnt allereie, men eg nemner dei ein gong til.)
Apple Final Cut ProKrev sjølvsagt at du har Mac, men skal vere eit veldig bra program. Det finst og ein billegare versjon med litt færre mogelegheiter, som heiter Final Cut Express.
Avid Liquid Edition (tidlegare Pinnacle Liquid Edition)Også eit program som vert svært godt likt av dei som bruker det.
Sony VegasSom Bråstopp/Martin nemnte. Høyrd mykje positivt.
Avid Xpress DV/Xpress ProOm du lærer deg å bruke det, vil du truleg verte veldig fornøgd, men dei skal visstnok ha ein litt mindre intuitiv måte å gjere ting på enn t.d. PPro/FCP.
Men ein ting som er lurt å tenkje på, er at ein kan gjere stort sett dei same tinga uansett program, men måten ein gjer det på er kanskje litt forskjellig. Kva som er best for deg, er kva du liker best, med tanke på korleis programmet er bygd opp. Difor er det lurt å gjere som du seier, å prøve litt forskjellig, før du bestemmer deg.
Om du vil ha ei litt større/betre oversikt over kva ein kan finne, sjå litt her:http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=435013
Nederst der finn du ein del testar til fleire av desse programma.