Sjølv har ikkje meir på mitt (Sony DCR-TRV80), og eg treng sjeldan meir. Det kan sjølvsagt vere situasjonar der du kunne ynskje meir zoom, men det vil truleg ikkje vere ofte. Du vil truleg ofte kome opp i situasjonar der du kunne ynskje deg meir vidvinkel . Difor vil det ikkje vere dumt å kjøpe ei vidvinkellinse, som du kan skru på kameraet.

Men hugs, om du filmer noko langt borte (t.d. eit hopp...) med maks zoom: Bruk stativ! Det er bortimot umogleg å halde eit kamera, spesielt eit so lite, heilt stødig. Det vil vere svært vanskeleg å få bra opptak i slike situasjonar utan stativ.