Om du ikkje visste det: Europa og USA har ulik standard for TV og andre "tilhøyrande" produkt, som t.d. videokamera. NTSC, som vert brukt i USA, har lågare oppløysning, men høgare framerate (fleire bilete i sekundet), i høve til PAL, som vert brukt her i Noreg.
Sjølv om det ikkje vil vere noko store problem å redigere NTSC, so vil ein ikkje kunne vise opptaka på alle TVar. Det er nok nokon som takler både NTSC og PAL, men ikkje alle.
Det vil og verte problem om du skal blande PAL og NTSC i same filmen, og å konvertere frå NTSC --> PAL trur eg ikkje er det lettaste, i tillegg til at kvalitetsforskjellen kanskje vil verte merka lettare (ikkje at eg veit det, har aldri gjort det sjølv...). Eit tredje problem er at det truleg er vanskeleg å få tak i kassettar til kamera, utan å bestille dei frå USA.
Om kameraa du ser på er PAL, er det ikkje noko problem, men om dei er NTSC ville ikkje eg ha kjøpt. Du finn litt meir info her:http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=392588
Viss du søker på forum.akam.no etter NTSC kan det hende du finn endå meir.
So til saka si kjerne:Skal ikkje påstå eg veit mykje om nokon av dei kameraa du vurderer. NV-GS75 er eit 3CCD-kamera, noko som tyder at det har ei biletbrikke for kvar primærfarge; raud, grøn og blå. Det skal gje deg litt betre bilete, spesielt med tanke på fargegjengiving. Men HC42 er truleg ikkje eit dårleg val det heller. Nightshot-funksjonen til HC42 er kanskje litt betre, so om det er viktig, er kanskje det det beste valet.
Vil endå ein gong (om du ikkje har gjort det allereie) anbefale deg å søke i Videokamera-delen på http://forum.akam.no/. då begge desse kameraa er omtala iallfall noko der. Lukke til med kjøpet.!