Linken fungerer ikkje... Neste gong, berre skriv opp kva modell frå kva produsent det er snakk om.
Men det står i linken at det er eit JVC GZMG57, so det går fint. Eg ville ikkje kjøpt det, då det tek opp til harddisk. Videoen vert mykje meir komprimert enn om ein bruker eit DV-kamera, og redigering er vanskelegare då færre program støtter kamera og filene det lager.
Når det gjeld oppløysninga til videoen det lager, so er den nok den same som alle andre harddisk-kamera, DVD-kamera og DV-kamera, nemleg 720*576, som er standard. Skal du ha høgare oppløysning må du ha eit HDV-kamera som Sony HDR-HC3 eller HDR-HC1, eller Canon HV10, som snart kjem på marknaden. Desse lager video på 1440*1080 (vert strekt til 1920*1080) om du bruker dei i HDV-modus. Merk at HDV krev mykje meir av datamaskina di når du skal redigere det, i høve til DV.
No veit eg ikkje akkurat kor mykje det JVC-kameraet koster, men sats heller på eit DV-kamera frå Sony eller Panasonic i same prisklasse.