bulma00:Vel, kanskje. Eg kan seie dette: Om det er nokon som føler det slik, so burde dei ikkje verte skremde av trådar som dette. For min eigen del ynskjer eg ikkje anna enn at folk prøver å skrive rett, og gjerne held seg unna dialekt so mykje dei kan. At det er ein del som har vanskar med å skrive rett er eg klar over, og eg ventar ikkje at nokon skal leggje teksten inn i Word og køyre den gjennom retteprogrammet der. 
Dessutan, trådstartar seier faktisk at tråden ikkje er meint som kritikk, men som ein tipstråd for rettskriving, so nokon kan lære av det. Det er godt mogeleg at nokon tek det personleg, men i so fall er det berre å heve seg over det. Verre er det eigentleg når nokon poster i ein tråd kun for å seie «Herregud, lær deg norsk!» eller liknande, om trådstartar skriv litt dårleg. Slikt er iallfall ikkje med å betre stemninga her, so slik kan ein godt slutte med. Det er derimot lov å spørre fint om trådstartar kan formulere seg litt klarare, om ein rett og slett ikkje forstår kva han/ho vil seie. 
Che:Godt poeng. Er eigentleg klar over det, difor skreiv eg «e.l.» (som burde vore «o.l.») etterpå. Har lagt meg til ei vane der eg nesten aldri bruker ropeteikn. 
Fri Flyt Frank:Har sett den der mange gonger tidlegare, både på engelsk og norsk. Det er dog ikkje alltid det er slik at den fyrste og siste bokstaven er på rett stad, og den undersøkjinga tek ikkje hensyn til teiknsetjing og nokre andre ting nemnt tidlegare. So nei, den gav ikkje meg mykje å tenkje på.