Den er ikkje mindre lovleg, den har berre ein anna lisens, nemleg studentlisens. Program med ein slik lisens kan ikkje brukast til kommersiell verksemd (du kan altso ikkje tene pengar ved hjelp av det). Det er ingen forskjellar på programmet i bruk, ingen funksjonar manglar.
Alle studentar ved høgskuler og universitet (usikker på vidaregåande skular) i Noreg har mogelegheit for å kjøpe Adobe-program med studentlisens.
Alternativt kan ein prøve seg på Photoshop Elements, som koster under tusenlappen.