Dette er litt urelevant, men eg må berre seie det:Speglrefleks = SLR = Single Lens Reflex. Ikkje lsr, ikkje SRL.
Til saka: Såg litt i prisguiden til Akam.no (http://produkt.akam.no/). Både Kodak Easyshare P850 og eit anna kamera i same klasse, Canon S3 IS (test på Akam.no: http://www.akam.no/test/digitalkamera/test_av_canon_powershot_s3_is/27548), er ein del billegare enn dSLR. Du får dei til under 4000kr.
Fordelen med dSLR (digital speglrefleks) er jo blant anna at ein får manuell fokus, og kan byte ut objektiva. Det vert forresten sagt at det er Nikon D70s som har det beste kitobjektivet, men du må opp i 8000kr for dette.
Den billegaste dSLRen med objektiv i prisguiden til Akam.no er Olympus E500 til 4999kr frå Japan Photo.