må berre gje ein komentar til oddefa som gjev tips om Galzig, Schøngraben, Rendl og Stuben. Utruleg gode plassar; men. Både Schøngraben, Rendl og Stuben har potensiellt ekstremt skredfarlige område ved store snøfall. Kjem ein for langt ned mot Schøngraben havner ein i trakta som samler det som kjem ved evt. skred. Ein ting som er fint med alpane, dei varslar ikkje skredfare ubegrunna. Blinker varsellampa bør ein ha med seg hovudet såpass at ein ikkje reiser på lang fjelltur, men da kan ein til gjengjeld finne fantastisk pudderkøyring midt i heisanlegget. Har opplevd knedjup pudder i vanlegvis glattpreparerte løyper.God tur, det er ein fantastisk plass med moglegheiter for utrulege fjellturar. Kjøp Alpenvereinskarte Lechtaler Alpen/Arlberggebiet nr:3/2, så går det an å plukke turar