Hei, då er eg og blitt hekta på surfing, og trenger litt rettleiing for å finne riktig brett..

Har surfa litt dei tre sista åra, men ikkje meir enn ca ei veke kvart år. Klarer å ta bølger skikkelig og kjøre greenwater til bølga ebber ut.Trur det er Minimal som er mest aktuelt, har lest at mellom 7.0 og 7.6 er passe lengde?

Har stort sett brukt stad sitt utleigebrett; bic minimal på 7.6 fot. For meg virker dette som eit bra brett, men det er kanskje pga at eg ikkje har prøvd noko anna? Har hørt snakk om nokon brett som er plastisk, og at det er ikkje like bra som glassfiber?

Som ein ungdom som bruker praktisk talt alle pengane sine på ski, har eg ikkje så alt for god råd, og lurer på om det å kjøpe brukt går fint når det gjelder surfebrett? er ca 1.70 høg og veger 65 kilo om det har noko å seie.

Har lyst å velge riktig brett, så eg setter stor pris på gode svar! smile