Debatten slik eg ser det går jo ut på om Morgedal er den moderne skisportensvogge eller....For å starte frå toppen av der første mann seier at morgedølingane var så treige med å koma i gang med telemarkSPORTEN. Og der han seier at på Geilo starta dei med telemark i 1979. Då må eg dessverre meddele at då hadde me halde på dette lenge i Morgedal, og det har me til og med ein film om som de kan koma å sjå her i Morgedal. Det er filmen om Sondre Nordheim laga i Morgedal i 1970 ( det er 9 år før 1979) av Johan Vestly, der det KUN er morgedøler med. Og dei køyrer telemark! Riktig nok med det gamle utstyret, men det var fordi det skulle liksom vera frå 1850 talet.Kom å sjå om de ikkje trur det!