Har også scarpa maestrale og problem med finne meg til rette på dei. Prøvde dei for første gang på lenge i preparert bakke i påska og følte meg som ei ku på ski. Hadde nylig ein dag på samme ski og samme føre med alpinbindingar og alpinstøvlar og det fungerte brillefint. Ganske frustrerande...
For min del oppdaga eg at det eine kneet gjekk kraftig innover når eg fleksa det framover. Har fått retta opp dette med å legge maaange lag tape gradvis i kileformasjon under innleggsålen på innsida og justert skaftet maksimalt utover. Det problemet var ikkje så lett å merke i lausnø, men veldig påfallande i preparet bakke. Prøv å sjå om du har samme problema med toppturutstyret utkvilt på godt føre i preparert bakke som det du har opplevd på topptur. Det er ofte enklare å kjenne etter kva som skjer i preparert bakke.
Fram/bak posisjon:Kva slags binding har du? Forskjellige folk får forskjellig posisjon sjølv med samme binding og samme støvel. Mest avgjerande er tjukkelsen og forma på leggmusklaturen, men andre kroppsproposisjonar spelar også inn. Har du kraftige leggmusklar blir leggbeinet pressa framover og får meir aggresiv vinkel.
Det å ha ein veldig aggresiv vinkel i støvelen fører ikkje nødvendigvis til at ein blir meir frampå, det fører gjerne til at ein står i ein meir fleksa mindre sterk posisjon. Hvis ein kompenserer med å sleppe bak rumpa så blir går det også ut over sideveis stabilitet og balanse i sving. Hofta fram og litt utoverrotert i svingen (counter) gir god balanse og bruker store muskelgrupper til å gjere jobben. Slepper ein bak rumpa og vrir kun skuldrane ned bakken må små svake muskelgrupper gjere balansejobben og det gir dårlig stabilitet.
Hvis du er fornøgd med posisjonen du har på alpintutstyret ville eg prøvd å "kopiere" denne over på toppturutstyret og sjå om det hjelper. Ein del dynafit bindingar har stor forskjell på helhøgde og tåhøgde, med helen mykje høgre enn tåa. Mykje større forskjell enn det er på dei fleste alpinbindingar, men det som i siste instans betyr noko er vinkelen i botnen av støvelen og korleis dette samspelar med vinkelen i skaftet. På støvlar som maestrale som ikkje er plane i bunn er det vanskelig å måle denne vinkelen. Posisjonen til kneet i forhold til tærne er enklare å måle og det avhenger både av vinkelen i skaftet og vinkelen under fotsålen. Bruk eit lodd med tau og hold tauet på kneskåla og sjå kvar loddet havnar i forhold til tåa på støvelen, med ski på.
Hvis kneet havnar langt fram på toppturutstyret i forhold til alpinutstyret kan du prøve å montere noko under frambindingen på toppturskia.
Desse finnes ferdiglagd med lengre skruar:http://www.bndskigear.com/toeshims.html
Hvis du får tak i lengre skruar kan du også lage dei sjølv av skjærefjøler eller feks HDPE. Hvis du bruker binding freedom eller Quiver killer inserts så er det lett å få tak i passelig lange maskinskruar, og du kan lett teste med og uten eller med forskjellig mengde oppbygging av tå.
Hvis du får nokon til å filme deg medan du står på ski, så sjekk korleis vinkelen på ryggrada er i forhold til vinkelen på leggbeinet. Det vil variere gjennom svingen, men hvis du typisk har mindre framoverlent overkropp i forhold til leggbein, så kan det tyde på at du har for framoverlente støvlar eller bindingar med for høg hel i forhold til tå. Sjå denne animasjonen:https://vimeo.com/19554601