Tenkte ikkje at eg skulle skrive inn på dette innlegge, men irritasjonen over at folk kan vere så arrogante over for andre brukarar her på forumet klarte ikkje å halde fingrane mine borte frå tastaturet. Eg liker å cruise ned ein fin bakke me sola i ansiktet og beina plasert godt på longboardet, du likar å gjere ein kickflip eller ein darkslide i Oslos gater, men du høyrer ikkje meg rakke ned på deg, og kvifor det, for eg ikkje vil disse deg, synast skating er kult uansett om hjula har kulelager eller ikkje. Du har ikkje noko med kven som skal like longboard og kven som ikkje skal. Longboard er ein aktiviter på lik linje med alle andre aktivitetar, her rakkar du ned på ein aktivitet som fleire og fleire finn glede av, og ein aktivitet som stadig er i utvikling. Har du kanskje prøvd longboard?? Skjerp deg, og prøv å tenke over kva du skriver. Og du, det finst posørar i skating også, kanskje du er ein av dei, du er iallefall kul nok til å skrive eit useriøst og kjipt innlegg som berre skapar irritasjon blant asfaltsurfera.Håper du søv godt om natta...Til slutt vil eg beklage at eg tok opp att denne tråden, eg skulle berre latt den dødd ut og vårte gløymt fortast mogleg. Fortsett å surf asfalt, godtfolk..