Lengde på ski har nok ikkje noko med om skoen passar eller ikkje, dette vert avgjort av korleis bindingen er montert. Dersom bindingen har vore montert til ein sko med ca lik storleik på ytterskalet, vil den passe over. Dette kan du enkelt finne ut av ved å spørje forrige eigar eller prøv å lån sko av ein ven som har omtrent den storleiken. Vanlige alpinbindingar kan stort sett alltid justerast til å passe litt mindre eller større sko.