Hei,Eg har 184 Raven med ATK freeraider14 og 187 Hoji med Fritschi Tectons i 16-19 utgåva. Er sjølv 175 og rundt 85 kg. Utifrå det du skriver er det ikkje så lett å svara kva som passar for deg, her er det litt lite informasjon. Kor mykje tur og kor mykje heis skal det køyrast. Kor god er du på ski? Er du eks-racer som har tyngdepunktet langt fram (nøytral "stå klar stilling" på tåballen er det Hoji anbefalar)? Er du godt trent? Kor skal du stå på ski, Sogndal, Sarpsborg? Kva sko skal du bruka osv. Du skriver frikøyringsski, skal den då takle kartongføre og oppkøyrd lausnø i heis? Eller er det ei toppturski som du av og til tar med i heisen om forholda er perfekte? 

Ut i frå høgda og vekta di ville eg nok ha anbefalt 187 Hoji om du skal bruka meir enn halvparten av tida i heis. Om eg synsar litt her så kan eg anta at du håpar på ei 50/50 ski som skal dekka behova dine for alt anna enn bakkekøyring. Om du ikkje er den vassaste på klipper og hopp kan du nok komme frå det med ein tecton binding. Eg har det sjølv på mine 187 og det har gått fint så langt. MEN med mine Hawx xtd på 1450g så kjenner du vekta når du går. Det er litt for tungt for lange turar om du ikkje er heilt trent for det. Om dette ikkje er eit problem for deg anbefalar eg denne bindinga, eller ein Kingpin (har du is i magen ventar du til neste sesongs Shift-binding). Og som nemnt over, er heiskøyring det du satsar på er den tidligare modellen av hoji betre. Den nye er meir retta for topptur og uspora snø.Om du tenker i hovudsak på topptur kan du dela det opp i to kategoriar: Lett og langt eller semitung, om du skal ha ei ski for heile året der "pudder" er mangelvare, gå for Raven med ATK Raider 12/14, Diamir Vipec12, G3 ion LT, G3 Zed (neste år) , eller ein relativt lett plum binding. Prøv å hald vekta på ca 2100g. Og kjøp lette fellar, ikkje gå i vektfella (pun intended) med å øydelegge skioppsettet med tunge nylonfeller...Om du skal gå på tur med mykje snø, velg enten 187 Hoji med ein lett binding, Vipec12, Raider12/14, eller G3-Zed. Det du kan gjera for å spare endå meir vekt er å velge 179 Hoji, og montera bindinger -1,5cm til -2cm bak anbefalt montering. Då får du litt meir flyt i topp og du kan stå litt meir tradisjonelt på skina. Lurt når syra kjem etter ein lang tur. Det er mykje bakski på Hjorleifson sine ski, ver sikker på at du er komfortabel med det før du monterar skina.Om du vil kjøpa endå lettare bindingar, så kan du det, men eg ville ikkje anbefalt det om du skal bruka dei i heis i ny og ne.Sjekk ut linken under for monteringsinfo. NB, pass på at du stolar på butikken som skal montera dei, dette er ikkje ski du vil ha feilmontert for langt framme. http://mtnguiding.com/media/2017/1/4/where-do-i-mount-my-hojis-renegadesravens-tooSer fram til kva du bestemmer deg for. Lykke til!