Takk for grundig innlegg. Eg vil tru det er snakk om 50-70% kjøring i bakken, forhåpentligvis mykje utanfor oppkjørt trasee. Resterende på lette toppturer, gjerne som forlengelse av heisturen i et skianlegg.

Dattera mi kjører ikkje veldig fort, og treng all motivasjon ho kan få for å bli med på toppturer. Ergo må dette vere lette ski, på linje med støvlane ho har no. Dei veg 1250g per stykk i størrelse ca. 43.

Samtidig bør skia vere så lettkjørte som mulig, spesielt utanfor preparert bakke. Stabilitet i stor fart er irrelevant. Det er heller ikkje snakk om akrobatikk og slikt.

Sjølv er eg også opptatt av at bindingane skal løyse ut på trygg måte. Eg har en kompis som reiv muskulatur på grunn av en tech-binding som ikkje løyste ut..

Skia som er foreslått i første svar er sikkert fine, men vi er på jakt etter noko brukt og rimeligare. Aller helst innanfor 5000 inklusive ski, bindinger og feller.