Det er fleire ting som irriterer meg og det som irriterer meg mest at eg ikkje veit korleis eg kan få gjort nok med det.

Kanskje noko her kan hjelpe.

Mi skiinteresse er brei. Eg likar trene langrenn og er leiar av Strindheim Ski...på 10 ande året, eg likar nedturar...på ski i laussnø og har vore skiboms eingong...og eg likar dei lange fjellturane ? Skiturar til fjells ? Opptur og nedtur

Eg er ikkje slik at eg berre vil gå flatt i løyper rundt ein tur, eller rett opp på ein topp for å renne ned igjen. Eg likar å starte tidleg om morgonen i skogkanten og gå innover i fjellet, oppover mot breen, mot ein topp langt i det fjerne. Lengdemeter og høgdemeter, begge deler og timar, mange timar før ein renner ned igjen og inn i solnedgangen. Då har ein vore på tur, skikkeleg tur.

Ein har snudd seg mange gangar og sett på skisporet sitt. Det som forsvinn i horisonten og det som svingar seg ned ei fjellside, ei dalside eller berre dei to svingane du meisterleg tok mellom nokre trær før du kryssa elva.

Då passar det ikkje med randonee ski, det passar ikkje med tynnski, det passar ikkje med mjuke BC traske støvlar (eller dei klumpete Wannabe alpin BC støvlane), det er ingen ting av det utstyret som blir laga som passar til slike turar. Turar der kombinasjonen og gleda av å gå langt og renne bratt og bra er målet. Men alle desse utstyra har element som let seg kombinere til det perfekte utstyret, det er berre ikkje gjort så vidt eg veit?.men kanskje de veit?

Randonee skia er veldig bra, men dei manglar smørespenn som gjer dei håplause når det er ei mil flatt før du skal oppover. Dei flyt veldig bra, men er for breie og innsvingen og svingegenskapar kan du kompensere for med god teknikk og balanse sjølv. Veit at enkelte har teste Fisher E109 også i randonee løp, sjølv har eg E99, som har bra flyt og rocketupp, er lette og veldig god å gå med. Så det kan vere eit godt alternativ?. Den kan med andre ord løysast?. Men kan sikkert gjerast betre.

Randoee bindingen er råsmart, lett og veldig stabil og fin. Men den manglar gummien som BC bindingen og langrennsbindingen har. Denne er vesentleg for følelsen når du går. Prøv å ta denne vekk på ei langrennski så skjønnar du kvifor. Men det burde ikkje vere vanskeleg å få til tilsvarande på randonee bindingen, det burde vore svært enkelt og det ville funka godt med skoa også

RandoStøvlane er utvikla til det optimale?. For å gå bratt og renne ned. Og dei kan muligens også brukast til å gå flatt, men ikkje optimalt. Dei mest ekstreme liknar ganske mykje på skøytesko og ein mellomting mellom desse, dvs ein kraftig forsterka skøytesko, ville vore eit bra produkt?.. og det er enno veldig langt igjen til ein når tyngda og klumpfølelsen ein har med for eksempel Crispi sin svartisen støvel som er den beste eg har funne så langt. Eg skreiv til Alpina og uttrykkte dette og jammen har dei kome med  BC 1550, den har eg ikkje testa, men den ser litt mjuk ut i skaftet. Det ser ut som dei er langt meir innovative på rando sida når det gjeld utvikling av sko. Men fokuset er på vekt og vekt og pris heng veldig godt i hop. Dei beste konsepta, men i rimlegare utgåver ville kanskje vore ei god løysing. Det blir sikkert stivt nok med carbon også og utan kevlar.

Det er på tide å kombinere det beste frå fleire verdenar. Rando bindingen+langrenns gummi, smørespenn, rocketupp, torsjons stivare BC eller "skøyte" skosåle og strammbart, åpnbart, fleksibelt skoskaft+randobinding feste+feste bak?. Og sjølvsagt til maks 10-15 tusen samla pris

Kanskje fleire har tenkt på dette ... og kanskje nokon veit meir... eller kanskje nokon kunne få nokon til å overbevise nokon om at noko slikt burde vore laga...og dei lagar det.