Eg har etterkvart ganske mange bøker om skikøyring, men den boka eg alltid kjem tilbake til er denne:

Ron lemaster: Ultimate Skiing

http://www.amazon.co.uk/Ultimate-Skiing-Master-Techniques-Great/dp/0736079599/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1363700762&sr=1-1

Det er berre eit av kapittela i boka som handlar spesifikt om løssnøkøyring, men dei aller fleste utfordringar ein kan ha i løssnøen kan ordnast på ved å bli ein betre skikøyrar generelt.

Mange enkelttips og videoar frå her og der kan gjere at ein blir litt forvirra. Denne boka er god på å gi deg eit begrepsappart og forstålese av korleis ting heng sammen, og så kan du sortere andre meir spesifikke tips ut i frå det. Eg trur også at det å ha eit teoretisk rammeverk å sette tilbakemeldingar du vil få på eit kurs inn i, gjer det lettare å utnytte/forstå dei tilbakemeldingane du vil få. Hvis du ikkje kjem deg på kurs, så prøv å få nokon til å ta video av deg. Ofte er det lettare å sjå kva som går gale når ein ser det utanfrå.