Ja, sattan, eg las mailen ein gong til, du har rett Superdigg! Så vert det i pose og sekk då, alle skal få-hehe. Frå spøk til sanning, jodå, eg får 2% ekstra avslag om koden vert brukt. Men uansett er det ein god deal, spesielt om ein er lett eller kort eller berre likar dei kortare modellane dei har på supersal. Eg sjølv kjøpte eit par 180cm Powderboards til leiking, men eg har eit par på 200cm til opne flater og då. Eg eig og ei Praxis Consept som er ei jekla bra ski på dårleg føre, dvs gjennombrot, skavlete td. Den er 117mm på midten, og vert litt pinglete etter at ein har køyrd utsvingde stive ski ei stund. Powderboards og Protest er jo so innihelveta lettkøyrde at ein vert lat og vil ikkje attende på "vanlege" ski. No er jo ikkje Consept vanleg med sine to spenn heller då- Powderboards eig snøen som er mjuk, over 20cm må ein ha. Protest har litt innsving, men er ei fartsmaskin, leikeski, droppestompar mm. Lukke til- her i huset er neste par BC til våren i 190cm og ei 170cm sikkert til ho er bur i lag med. Ho er er 65kg og køyrer Protest 177cm stort sett. Siklar også på Wootest, men det får vere måte på.