Eg vart akkurat oppringt frå sportsbutikken og fekk beskjed om at nye ski var bestilt frå K2, og eg kom til å få skia levert seinast torsdag i inneverande veke. Montering og prepping av ski får eg no utført gratis, som ein kompensasjon for rotet. Bremseskoen på eine bindingen og nokre skruar var også øydelagde, men dei vart fiksa med nye delar.
Alt løyser seg no altså vonaleg til slutt. Eg gjekk glipp av laussnøen i Eikedalen denne helga, men då går turen til Voss fyrstkomande helg, og eg gleder meg som ein unge!
Og til dei som lurte: Når eg har snakka om "{stor sportsbutikk-kjede}", har det heile tida vore snakk om XXL i Åsane, Bergen.
Takk for gode innspel frå alle saman!