Fredag kveld fekk eg tilbod om at jobben skulle bli utført gratis, noko eg ikkje aksepterte. Eg fann ut eg ikkje ville hente skia, men heller rydde opp i det til veka, når butikksjef og liknande er til stades.
Nye ski på Conrad koster meg 450EUR + frakt no (fekk dei for 400+ frakt på tilbod når eg sjølv kjøpte dei for halvannan månad sidan).
Eg er ikkje typen til å hisse meg opp, men forventer at ein jobb blir utført kvalitetsmessig og etter planen når eg betaler for det.
Ser at ein butikk i nærleiken sel akkurat samme skia til 5k (inkl. kjipe bindingar), så eg skal foreslå at dei kan kjøpe dei skia til meg (med mine bindingar) i morgon. Så får me sjå kva som skjer - I'll keep you posted! :-).