Kjøpte K2 Sidestash og Salomon KTH 14 frå Sport-Conrad, og var veldig happy med at dei dukka opp no i veka som var. Reiste på {stor sportsbutikk-kjede} i dag for å få montert bindingar og ei enkel prepping. Det viste seg diverre å bli litt meir komplisert enn planlagt.

Når eg kom tilbake etter ein halvtime kunne han informere meg om at malen for bindingen hadde forskjøvet seg under borring, og hulla var feil og måtte tettast og dei måtte gjere jobben på nytt. På eine skien måtte hulla flyttast 3cm, og på den andre skien måtte hulla flyttast rundt 1cm. Bindingane må dermed også flyttast ein drøy cm, minst, frå det som blei anbefalt.

Kva gjer eg no? Er det uproblematisk? Er det katastrofe? Sidan eg ikkje kjøpte skia der, og dei heller ikkje fører skia, så er eg litt usikker på kva eg kan gjere med det.

Er litt usikker på kor alvorleg dette er, og vender meg difor til dykk her på Friflyt.

På førehand takk for hjelp!