Ehhh, Maestrale er absolutt ikkje ein stiv støvel etter min erfaring og meining. Burde ikkje vere ei begrensning med mindre ein er veldig veldig lett...
Er du sikker på at du er i den minst framoverlente posisjonen? Sett dei i gåmodus og fleks heilt bakover, sett dei i skimodus og fleks framover til det seier klikk.
Eg opplever den minst fremoverlente posisjonen som litt for lite framoverlent og den mest framoverlente som altfor framoverlent. Det beste for meg hadde vore noko midt i mellom. Dei to hola i metallstanga sitt ganske tett så det er ikkje mulig å få til uten å bytte metallstanga. Kva som er optimalt for den enkelte avhenger av forma på kroppen, kor tjukke leggar ein har, høgdeforskjell tå-hel på bindingane og i tillegg kva ein foretrekker.
Hvis du kjem til at du treng eit mindre framoverlent oppsett enn det du får til med den støvelen kan du prøve å kompasere ved bygge opp med noko under frambindingen. Då treng du nok lenger skruar. Skjærefjøler i plast er praktisk som materiale. Eg ville prøvd med 3-5 mm hvis det virkelig skal monne.
Å bygge oppunder framme med skjærefjøler høres ut som eit ordentlig hobbysnikkerprosjekt ja ! Ville nok brukt orginale monteringsplater om mulig ! But I like it !Har søkt etter dette sjøl på Plum men endte opp med å montere rett på skia pga. tidsnød!! Og så kjem det faen ikkje snø her !!!?&%!#"
Skreiv innlegg (Urrggh ) om mitt problem ,fant nemlig ut at Plum hadde større høgdeforskjell framme-bak enn Dynafit (eldre oppsett).
Med Skookum syntes eg det vart vel mykje framlent sjøl i første hol.Vil prøvekjøre først før eg gjer noko meir men har sett på muligheten for å demontere skoen og bore eit nytt hol som første hol. Reknar med at det kan fixes.
Største problemet no er snø !! Vurderer innkjøp av snøkanon!! Har bakke !