Eg har dynafit vertikal FT12 på BD megawatt (125 mm) og er så langt godt fornøgd. Har også fleire kamerater som har dynafit på ski med 120 mm eller meir bredde uten problem.
At ein sjelden vil gå over 1000 høgdemeter pr dag med slike ski er berre sprøyt... Det er mykje meir glede i 1 kg ekstra ski enn i 1 kg ekstra binding:)
Eg ville ikkje hatt ei slik ski einaste toppturski. Eg føler meg litt hemma på bratt hardt føre spesielt med lette mjuke randostøvlar. Som puddertoppturski fungerer det bra så lenge ein er motivert for litt meir vekt og litt meir keitete traversering enn med smalare ski. Det er ikkje så vanskelig å forutsjå om det vil vere styresnø på fjellet eller ikkje, og midtvinters er det jo stort sett det så lenge ein held seg på riktig side av fjella (både i stor og liten skala). Har det regna til topps og fryst på igjen, eller til vårturar der eg er usikker på om snøen kjem til å bli mjuk i sola, så velger eg andre ski.
Mine er montert med sollyfitplater og eg bruker dei også med alpinbinding/alpinstøvlar til heisbruk.