Eg har også klart meg uten tabber så langt. Bora eit hol på litt feil plass ved bruk av papirtemplat, men det vart ikkje meir feil enn at det gjekk å korrigere når eg skulle borre det større insertsholet. Eg brukte dog mykje lenger tid enn Jon i videoen:
http://www.youtube.com/watch?v=DYUaW-MZ9QY&feature=youtu.be&noredirect=1
Det blir ein del slark i systemet, så ein har litt å gå på i forhold til å få helen sentrert på senterlinja/bakbindingen når ein skuer fast dynafit tåbindingen i insert med støvelen i bindingen. Det beste er sjølvsagt om slarken er sentrert rundt senterlinja/bakbindingen og det har gått slik så langt. Det er ein god lyd når ein hører hel pinnane treffe støvelen akkurat samtidig
Har satt inserts i dei skipara som det berre er aktuelt å bruke med dynafit bindingar og sollyfit plate på pudderskia som eg bruker både i anlegg og på tur. Det er ikkje like elegant med plate som med inserts og det gir også litt ekstra vekt, men det er ein del lettare å montere.