Etter å ha køyrt på ski med midtbredde 100-93 mm i lausnø i dei siste åtte åra prøvde eg meg i forrige veke med 125 mm midje og rocker i form av BD megawatt i 188. Fekk 3 dagar på strandafjellet og ein i stryn med mykje laussnø i alle former frå lett til våt til mjuk fokksnø og med litt køyring i godt lys i opent terreng og ein del skogskjøyring i snøstorm.

Eg vart heilt frelst. Spesielt i litt vanskelige forhold som dårlig sikt og våt djup snø, gjorde dei breie skia virkelig at forholda føltest mykje betre enn dei var. Madammen klagde på den tunge snøen, men eg merka ikkje så mykje til den;)  I dårleg sikt var det berre å stå midt på skia og overaskelsane som kom gjekk mykje betre enn dei brukar å gjere, sikkert pga av den enorme framskia med rocker. Og når ein får tryggheit til å stå godt på ski til tross for at ein ikkje ser ein dritt, så går det går det enda betre med gode ski. I våt tung snø i skogen var det ikkje noko problem å få bakskia med på ein breisladd når det trengtes, til tross for at skia er nesten 20 cm lenger enn meg. I stryn på laurdag såg eg folk utanfor løypene totalt 2 gangar i løpet av 2 timar. Sjøl om det var vinterferie og enorme mengder nysnø, så holdt folk seg unna fordi snøen var litt tung i nedre delar. Med riktig utstyr føltest den ikkje tung:)

Bur du ein plass der ein har tilgang på terreng og der det snør innimellom (som stryn og stranda) så trur eg du vil få mykje glede av eit par breiare ski med moderne form. Først og fremst fordi dei gjer mindre ideele mjuke forhold som tung snø, fokksnølokk, brytande skare og dårleg sikt meir morro. Det er ei meir tvilsom investering hvis du bur du ein plass der det sjelden snør, og det ikkje er noko særlig terreng utanfor løypene slik at det som er blir kjøyrt opp på i løpet eit par timar.

Til toppturbruk så tenker eg at ~100mm er ei god allround bredde. Har så vidt prøvd megawatten med dynafit og det gjekk forsåvidt bra sidan eg tråkka spor sjølv i mjuk snø. Ser for meg at det kan bli ein del banning hvis eg prøver dei i for smale spor som i tillegg er harde, og at nedover i lag med lette mjuke randostøvlar så er det ikkje akkurat oppsettet for å sprenge grenser for kor bratt ein kan køyre på hardt føre. Med mine 100 mm ski føler eg meg meg ikkje hemma sjølv om det skulle vise seg at den bratte sida som ein håpte at skulle tine i sola fortsatt er ganske hard, og dei flyt samtidig greit i mjuk snø.