NTN er ikkje løysingen for alle og spesielt ikkje for mindre og lettare utøvarar. Det kan rett og slett bli for stivt. Ta deg tid til å leige/ låne utstyr og teste kva som passar deg best. Det finst "vanleg" 75 mm med gå funksjon som er god å gå med og som er heilt ok å køyre med Vel og merke om du ikkje køyrer bakke racing, då vert den for veik. Går sjølv med slik binding og er 90+, det fungerer fint. ( Voile switchback). Instruksjon skal du få av meg gratis om du kjem til Sogn skisenter. Angåande ski, så er det ikkje rakettforsking, men du må eigentleg bestemma deg for om du vil køyre i trakka trase eller utenom. Det er pr i dag ikkje laga ski som er perfekt til begge deler. Leig ski fyrst og bestem deg etterpå. Lykke til og velkommen som telemarkar!!