Til jul fekk eg eit par salomon SPK jibbestøvler som eg i begynnelsen likte veldig godt, No som eg etter kvart har begynnt å køyre litt meir med dei blir dei veldig vonde i leggen og det er vondt å lene seg framover på skien. Det kan følest ut som om at eg berre får press ein plass på leggen når eg lener meg fram.
Inne i støvelen har eg god plass sjølv om det er riktig størrelse (tåa e framme i skoen når eg tråkker nedi og god plass etter at den er blitt stramma.) Eg har ganske lav rist, så eg har god plass over foten. Far min trudde at det hjalp å legge i ein ekstra sole i botn av støveln, så eg gjorde det og tok på eit ekstra par med sokka slik at det skulle fylle ut skoen bedre, men det hjalp igrunn ikkje. Eg har også tenkt over at det kan vere litt for sterk flex for mi vekt (182cm 60kg) og at det berre e at eg ikkje har nok vekt til å bøyge skoen skikkelig.
E det noken tips for å bli kvitt detta, sjølv om eg ikkje hadde trudd at det skulle vere så mykje styr med ein støvel til 3500kr. Det ser ut til at støvelen ikkje passe til min fot i det heile.
Noken som har opplevd noko lignande eller har noken tips?. Tenke no på å prøve å få bytta skoa i noken full tilt elle noke, har lest at dei va litt strammare inni og kanskje passa bedre til tynnare føtter? noken som kan bekrefte detta? vell.. eg er ikkje sikker på om eg har eit godt nok argument for å få bytta skoa i det heile tatt.