Sport-conrad er ein seriøs butikk, men eg har ikkje prøvd å reklamere på ting hos dei. Det er alltid ein fordel med norsk kjøpslov i ryggen når prisane ikkje er så langt unna, men når det er over 30% forskjell så kan ein jo satse på at ting ikkje blir øydelagt og sette pengane på reservedelskontoen ;-)

For tida er det heile 12,5 euro i frakt på ski (fram til 15.1), i tillegg kjem eit momsutleggsgebyr til transportør på 100-200 kr.

Trur sport-conrad av prinsipp (tekniske grunnar) ikkje monterer dynafit-binding hvis dei ikkje har sko, ski og binding tilgjengelig når du kjøper. Er du litt nevenyttig fiksar du det lett sjølv, sjå instruks på www.wildsnow.com.

Det er ikkje alle som er like fornøgd med selskinsfellane og synest dei er meir bakglatte, har ikkje prøvd dei sjølv. Eg svergar til bd ascention og har opplevd at andre sine fellar klabbar (g3, k2, montana) når mine ikkje gjer det, sjølv eit par som eg har ~120 dagar på.