Sett deg på bussen til bergen. Er lite smart å kjøpe uprøvd fordi det er så mange variabler som skal stemme: lengde, bredde framme, høgde over vrist, volum i hel etc... Min fot måler 25,5 cm, eg bruker vanligvis 40,5 i sko og men har ingen problem med lengda på skallet på mine 24.0 falcon (samme lest som ghost og shogun). I dei fleste tabellar er mondopoint 24 skostørrelse 38. Eg innbilte meg i mange år at eg har ganske brei fot (basert på erfaring med anna fottøy), men den passar altså fint i ein 98 mm skall som er regna som ganske smalt.
Hvis butikkane ikkje har dei skoa du vil ha inne, så prøv gjerne likevel. Altså ikkje bry det om det er damestøvler, feil fleks etc. Ofte finnes samme passform over ein lang rekke modellar, så kan du bruke den infoen om passform til å få ein butikk til å ta inn den rette støvelen til deg. Instinct 90 med sølvfarga pels på toppen har samme lest som ghost med naglar, sjølv om ein ikkje føler seg like smart når ein prøver den på ;-)
Bry deg heller ikkje om det er ein pudderstøvel, jibbestøvel, carvingstøvel eller racingstøvel (men ikkje for stiv variant), kjøp ein støvel som passar og som har riktig fleks for deg.