Eg var på Kilimanjaro og hadde med meg Diamox mot høgdesjuke. Doktaren som skreiv ut dette medikamentet til meg ga streng beskjed om at skulle eg ta desse tablettane ved høgdesjuke, måtte eg også SNU NEDATT. Grunnen er at desse tablettane (og andre vil eg tru) kamuflerer symptoma på høgdesjuke. Viss ein kamuflerar symptoma, vil det skjule det som kroppen prøver å sei deg, og det kan få alvorlege konsekvensar.Eg fekk sjå folk som hadde vorte alvoleg sjuke og folk som døydde der oppe, etter som eg jobba på eit sjukehus der nede. Som ein doktar der nede sa: - Ein kan like godt kalle det attitude sickness, som altitude sickness, fordi det er folk som pressar seg opp, og som SKAL OPP, som ikkje kjem nedatt ved hjelp av eigi maskin.Lytt til kroppen din og ha respekt for kva han vil seia deg. Det er ok å ta medikament, men då må ein samstundes snu nedatt og ikkje pressa seg opp. Vær forsiktig med medikament mot høgdesjuke!