Poenget mitt i høve til rutschblokk står like fast, det gjev ein generell info om snødekket i same høgde over havet og i same himmelretning som ein grev blokka. Det gjev ikkje info om tilhøva i anna himmelretning eller anna høgd over havet, eller med heng skjerma/uskjerma for sola. Så om ein får eit "dårleg" resultat, då snur ein vel eller vel ei rute under 30grader opp og ned. Om ein får eit "godt" resultat? Dette gjer deg likevel FOR LITE info i høve til konsekvensen av eit snøskred høgare opp. Tidsmessing er det umogeleg å lage rutschblokk for kvar 50 høgdemeter, for ikkje å snakke om at ein slett ikkje kan grave i alle heng grunna søskredfare.Sjølvsagt er det likevel svært bra å grave stabilitetstestar, for det gjev ein meir info om snødekket, og ein kan risikere og lære noko. Men den infoen ein får av ei rutschblokk kan ein også få på mykje enklare måtar. Ta eit godt skredkurs og finn det ut der, skredfare er for komplisert til å lese seg til uansett. Du må ut i fjellet og lære over tid.