Mykje bra med nye sm'ar, men DEI FLESTE treng ikkje så mange funksjonar. F1 har td. legre rekkevidde enn mange moderne. Drawback nr 1 er at dei ikkje greier å lokalisere djupt begrevne godt, men då slit ein med tida uansett. Har feks Pulse sjølv, og den stoppar opp for å tenkje seg om, samme med tracker 1. Aggressiv marknadsføring fører til at enkelte forkar ut på ABS, Snowpulse etc før dei tek skredkurs eller byggjer gradvis erfaring gjennom moderate turar. Eit godt skredkurs kostar halvparten- og eit godt skredkurs er minst 3 dagar, går ute i fjellet og ikkje i ein park i Oslo.(Slike kurs er berre lureri, det er å innrullere seg til teneste i Afghanistan etter to veker på CounterStrike.) Rutsjeblokk er vel og bra, men tek ein halvtime å grave og fortel deg ikkje mykje om omliggande terreng. Ein kuttar snøen i bakkant for nettopp å få snøen lettare ut, for å identifisere lagdelinga. Om det er ein "mikrotest" som tap-test, gjer ein det same, dette gjer testen meir kvantifiserbar.Ingenting kan erstatte kunnskap-erfaringsbygging på tur. Ved å ta eit skredkurs som er bra (og ikkje dritdårleg), kan ein få ein running start kunnskapsmessig. Så kan ein gå turar etter evne fo å bygge erfaring, turar der ein sjølv er med på å påverke vegval og forløp.