Bra innlegg. Eg vil legge til ein faktaopplysning som forsterkar innlegget ditt:Opp til 50% av dei skredtekne er døde når skreda stoppar grunna store mekaniske skadar,(Canada)dvs at sendar/spade/søkestang er likegyldig i desse tilfella. Hjelm/ryggskinne/ABS er ikkje likegyldig i desse tilfella, spørsmålet er her kor store stup eller kor tett skog skreda går inn i. Er det hjelp i bilbelte når ein lastebil køyrer i deg front mot front?

Nordmenn har mykje peng, og satsar ofte på å kjøpe seg ut av problema, men det er umogeleg i høve til snøskred og i fjellet. Kurs, så erfaring og merksemd i fjellet er umogeleg å erstatte med utsyr.Sjølv er eg også jekla skeptisk til utsyrsjaget innan skredredning. Faktum er at reelt sett er Ortovox F1 som er ein 25 år gammal sendar/mottakar tilstrekkeleg for realistiske stuasjonar, evt Tracker 2. Det er synd at spesielt "kidsa" vert lurte til å tru at peng og dingsar kan gjere dei trygge. Foreldra veit ikkje betre heller, og pungar ut. Konsekvensen vert utsyrsjag og dårleg fjellmissig tankegang. Vi ser jo fleire og fleire i fjellet på skiturar som ikkje har kunnskap eller ferdigheiter som matchar turvalet eller utsyret, td.