Som vi alle har sett dei siste åra så har skisporten hatt ei rivande utvikling innan toppturgåing. Ein har fått mykje bra utstyr som har gjort at den vanlege mann i gata føler at ein beherska skikøyring i upreppa terreng. Dette er sjølvsagt veldig bra, men det medfører og at fleire eksponera seg for skredfare. Heldigvis så har både media, sportbutikkar, forum på nett og liknande vore opptatt av å spreie informasjon om utstyr som kan nyttast for å auke sannsynet for å bli funne igjen om ein skulle bli tatt av eit skred.

Ofte ser eg reportasjar der ein skiguru syner fram alt av det flotte og dyre sikkerheitsutstyret sitt. Alt frå søkestang, snøskredsøkar, ABS sekk og spade. Det er vel og bra, men ein har ein tendens til å ha lite fokus på eller faktisk talt gløyme det aller viktigaste ?tryggleiksutstyret? i desse reportasjane. Nemlig KUNNSKAP om skred.

Risiko er produktet av sannsyn og konsekvensen for at ei ulykke inntreff. I dette tilfelle er ulykka ?person tatt av snøskred?. For å redusere risikoen for at ?person tatt av snøskred? inntreff, så må ein enten sette inn tiltak som redusera sannsynet for at det skjer, eller konsekvensen vist det først skjer. Helst bør ein innføre tiltak som redusera begge deler. Om ein studera risikofag så er det noko av det fyrste ein lære er at ein skal prioritere det tiltaket som faktisk hindra at ei ulykke i det heile tatt skjer.

Verken søkestang, snøskredsøkar, ABS sekk , osv vil redusere sannsynet for å bli tatt av skred. Det er kunn kunnskap om skredfare som kan redusere sannsynet for at ein blir tatt av skred. Kunnskap som gjer at du kan lese teikna i naturen som gir ein indikator på om det er trygt eller ikkje å ferdast i området.

Eg meinar sjølvsagt at alt skredutstyr som eg har nemnd i teksten over er nyttig, men dei som spreia kunnskap om skredfare må alltid huske på å presisere kor viktig det er å enten lese seg til kunnskap eller å gå på kurs.

Over på noko anna.

Eg vil gå litt på angrep på dei som produsera og sel spada som er av hard plast. Eg lure på om dei i det heile har prøvd å spa i ras? Snøen blir knallhard og ein plastikkspade vil ikkje ha noko nytte. Sannsynet for at ein plastikkspade vil knekke er rimelig stor. Det er ikkje utan grunn at redningskorps nyttar gode gamle arbeidsspadar i stål når dei skal grave fram personar som ligg under snøen. Eg oppfordra produsenta til å ta ein prat med desse før dei vel å selje folk noko som eg ser på som falsk tryggleik.