Er det nokon som kan gje meg tips til val av randoneeutstyr (pakke) når turen opp på fjellet er det viktigaste? Eg har ikkje noko i mot at skia flyt godt på pudder, men at skoa er gode til å gå lenge i, og at bindingane er gode til å gå i er prioritet.

Har sett på nokre K2 wayback ski, og vart anbefalt dynafit binding og scarpa flash eco på g-sport, men er desse for smale til at dei flyt noko lunde på pudder? Er skoa gode nok til å gå i timesvis?

Vekt har sjølvsagt litt å seie, men eg er ingen konkurranseutøvar, så det er ikkje livsviktig.