Voss eller Myrkdalen er plassar i nærleiken av Bergen som kan vere utgangspunkt for greie toppturar. Finnbunuten frå Myrkdalen evt. Vikafjellet er ei enkel og grei affære. Massevis av hytter å oppdriva. Har eit tjuvtips på ei hytte som eg sender deg på FF-mail. Ellers har du jo svært mange aktivitetstilbod på Voss. Toget til Voss tek ein time og eit kvarter. Tek de 15.10-toget, pass på å ikkje setja dekan i "stille"-vogna. Der sit alle urpendlarane og dei er kjende for dårleg humør og agressiv oppførsel mot dei som pratar, sjølv mot dei som brukar innestemme.