Har kjørt eit par år på Scarpa spirit4 som visstnok er ein stiv randosko? Denne har funka greit på både gothama med diamirbinding og faktisk på Line Mothership med Duke binding. Selvfølgelig ingen ideell kombinasjon, men har vore student og gått mykje på topptur..kva kan eg sei:wink

MEN nå vil eg handle ein alpintsko til nyskia. Volk Kuro med MArker Baron. Mulig eg kjøper ein Gothama til Kvardagski ut på sessongen også. Vi får sjå kor godt Kuroen funkar. Det er flott om skoen funkar greit å gå med, men eg ønsker først og fremst ein sko som tåler litt meir "pådrag" og breiare ski enn Scarpaen har gjort.