Hei! Vitja Kvamskogenområdet førre søndag og påfylgjande tirsdag, altså 26. og 28. april.
Byrkjefjell er ikkje noko å trakte etter lengre, i år. Skal du opp på den sida må du nok gå til fots opp på flata kring 600 meter ved Tryglakleivtjørnane. Er du villig til å gå kan du nok framleis få ein del høgdemeter på Såta/Iendafjell, men det krev litt gåing.
Valgte sjølv Tveitakvittingen, sjølv om den er noko slakk for tungt utstyr. På fjellski er den ein fantastisk flott topp, på bakkeski vert det litt slakt. Men du kan oppsøke Kjelen, nedom Gråskorvenuten, på veg nedatt/evt droppe å gå lengre enn dit. Her finn du nokre fine sider!
Elles så har Torefjell ovanfor Sjusete ved Norheimsund kort anmarsj til snøen langs grei hytteveg, men snøforholda er flekkete. Skrott har ein del mindre snø en i fjor. Noko keitete ankomst gjennom skogen.
1. mai gjekk turen mot Voss og Horndalsnuten. Vegen var ikkje opna, men kan ikkje stå om mange dagane, så neste helg må den kunne bli ein innerniar!