Ruten er ein fin og enkel topp. Skiløypa mellom Fefor/Fagerli og Dalseter går nesten over toppen. Du finn fleire mindre topper rundt Ruten med brukbare nedfarter. Startpunkt er Fagerlisetrin eller Dalseter.Heidalsmuen har andre reklamert for så den treng ikkje eg nevne, men naboen til Heidalsmuen Saukampen er også verdt eit besøk. Til Saukampen starter du frå Breistulen. Det er mogleg du kan finne nokon greie linjer langs Børkdalsvegen også.