No har eg ikkje vore på Jakta (på ski), men den nedkøyringa på biletet er såvidt eg ikkje veit veldig standard... Det er veldig bratt i området og er ikkje sikker på kva beste skiruta verken opp eller ned er. Ruta ned på biletet frå iriss.no går ikkje til Viddal men berre ned til fjorden - men der er ei (sommar)rute som startar frå Viddal.
Her er ein del bilete frå ein tur frå Norangsdal-sida, vanlegaste ruta på sommaren - men er nokre parti som vil vere vanskelege på ski frå den retninga vil eg tru.http://orsta.org/gallery/main.php/view/sommar2004/jakta/
Omtrent her kjem du ned frå iriss.no-ruta:http://orsta.org/gallery/main.php/view/sommar2004/jakta/IMG_0699.jpg
Snøen ligg stort sett fint i fjellet, og sjølv om politiet har gått ut og advart om skredfare så går sjølv skredgruppa i Ørsta ut med at det ikkje er så ille - og at mange toppturar i området er trygge om ein brukar litt skjønn. (Ref. lokalnytt NRK M&R frå 22. mars, finst på nrk.no).
Til/frå Viddal kan du køyre bil via Volda og Austefjorden, men frå punktet i den nedkøyringa treng du vel båt tilbake til Viddal eller Bjørke.