Litt seint svar, kanskje, om du har vore der i helga. Menmen. Toppen er akkurat så eksponert som det ser ut til. Var der med nokre kompisar for 3 år sidan, me gjekk opp renna til venstre i biletet, og ut av renna der den byrjar svinga til venstre og deler seg, ganske langt oppe. Vidare travereserte me oss bortover flanken mot høgre, satte frå oss skia ovanfor dei bergnabbane som stikk ut på midt på flanken til høgre, og gjekk til toppen og nedatt. Stegjern og øks er obligatorisk. Det er såpass eksponert og bratt siste delen at du skal ha god kontroll for å køyra på ski nedatt. Heile flanken er også veldig eskponert, så sjølve køyringa er vel stort sett i renna, det andre er "transportetappar" frå toppen til renna. Lang tur, men vel verdt det. Hugs på å grava ned ein øl i snøen ved Innerdalshytta på veg opp. Sjå dette bilete for ruta opp (trur det skal fungera)http://www.nt.ntnu.no/users/herfinda/storetrolla/stortrolla2.jpg